Lerumfondet
Kvart år set vi av fleire millionar kroner til Lerumfondet for å gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Vi sponser alt frå Sogndal Fotball, Sogndal FK Damer og Vitemeir, til mindre, lokale idrettslag og arrangement.
Vi sponsar tiltak som gir Lerum god synlegheit med særskilt relevante brukssituasjonar av produkta våre og historieforteljing.
Kven kan motta midlar?
Vi ønskjer å bidra til at alle barn og unge får moglegheit til å delta innan idrett, kultur, natur, mat og drikke. Tiltaka skal vere inkluderande og samfunnsnyttige, og vi heiar på frivilligheit.
For å kunne motta midlar frå oss, må nokre kriterium oppfyllast:
Barn og ungdom
I Sogn
Lag og organisasjonar
Idrett, kultur, mat og drikke
Inkluderande og samfunnsnyttig
I tråd med verdiane våre (ekte, stolt ærleg, engasjert)
Frivilligheit
Gode ambassadørar for Lerum
Gir Lerum god synlegheit
Lerum må kunne dele foto og informasjon på sosiale flater
Søknadsskjema
Fyll ut skjema under og send inn. Skjema er ope heile året, men vi har to fristar for vurdering: 1. januar og 1. mai.
Hugs å sjå gjennom lista for kriterium over før du søker. Alle seriøse søknadar vurderast opp mot kvarandre og vil bli besvart etter søknadsfrist.