Mjuke, gode og proteinrike pannekaker som passar perfekt til frukost, lunsj eller som eit mellommåltid. Med gresk yoghurt, proteinpulver og Lerum 80% får du både protein, fiber og god smak i kvar bit.
Tidsbruk
Enkel - ca. 15 minutt
Du treng
1 egg
100 g gresk yoghurt
Søtning etter smak
20 g havremjøl
30 g proteinpulver med vaniljesmak
1 ts vaniljesukker eller vaniljeekstrakt
1 ts bakepulver
Lerum 80% til servering
Tips
Prøv gjerne med friske bær, nøtter eller litt ekstra gresk yoghurt som topping.
Slik gjer du
Ha alle ingrediensane til pannekakene i ein bolle, og rør godt saman til du får ei jamn røre.
La røra stå i 2-3 minutt.
Steik små pannekaker i ei steikepanne på middels varme til dei er gylne på begge sider.
Legg pannekakene på ein tallerken, og topp med Lerum 80% etter smak.
Server med det same.