Superior Taste Award

Prisvinnande smakar

Kva er Superior Taste Award?

Superior Taste Award blir tildelt mat- og drikkeprodukt med særleg god smak og konsistens.

Produkta blir vurderte i blimdsmaking av dommarar med brei erfaring frå mat- og drikkebransjen. Dommarane veit ikkje kva merke eller produsent produkta kjem frå. Det betyr at det er smaken som står i sentrum.

Våre produkt med Superior Taste Award

Gode smakar sidan 1907

I Sogn har vi foredla frukt og bær i generasjonar. Med respekt fir råvarene og stoltheit i handverket lagar vi produkt som har ein naturleg plass på norske kjøkenbord.

Utmerkinga er ei hyggeleg anerkjenning, men det viktigaste for oss er freamleis det same: å lage produkt som smakar godt.