Produktsponsing
Mange ønskjer å ha med Lerum-produkt på arrangementa sine, noko vi synest er veldig stas. Difor kan du søkje om å få sponsa produkt til ditt arrangement. Vi ønskjer å bidra til tiltak som gir Lerum god synlegheit med relevante brukssituasjonar av produkta våre.
Hugs at det har kome eit nytt marknadsføringsforbod retta mot barn. Dette inneber at Lerum-produkt ikkje kan delast ut på barne- eller ungdomsarrangement.
Søk produktsponsing
Vi ønskjer å bidra til tiltak som gir Lerum god synlegheit med særskilt relevante brukssituasjonar av produkta våre. Du kan søke om produktsponsing om det ikkje er snakk om å gi produkt til barn.
Blir søknaden innvilga, kan produkta hentast på Kaupanger. Lerum har fast hentedag torsdagar kl. 12-14, då kan du møte opp på fabrikken vår ved port 13. Vi treng minimum to veker på å klargjere produkta dine frå søknad er innvilga.
Nytt marknadsføringsforbod mot barn
Vi gjer oppmerksom på at det har kome ny lov om marknadsføringsforbod mot barn, som blei innført i 2025. Det betyr at vi ikkje lenger har lov til å sponse arrangement med produkta våre (gjeld for produkt både med og utan tilsett sukker), når dette blir delt ut gratis til barn. Barn er i denne samanhengen rekna som alle under 18 år.
Henting av produkt
Er din søknad innvilga, kan produkta hentast på den fine fabrikken vår i Kaupanger. Vi har fast hentedag torsdagar kl. 12-14, hjå Bjørn ved port 13.
Adresse
Kloppavegen 13,
6854 Kaupanger