Historia bak etikettane til Lerum Topping
Eit design skapt gjennom samarbeid og handverk
Dei nye Lerum Topping-flaskene har fått eit uttrykk som skil seg ut i kategorien. Bak designet ligg eit tett samarbeid mellom Lerum, Solgård Design og illustratør Thomas Lindell.
For å fortelje historia bak etikettane, tok vi ein prat med Jannicke Solgård-Jensen, i Solgård Design, som har samarbeida med Lerum i meir enn ti år.
«Vi prøver ikkje å finne opp alt på nytt kvar gong. I staden handlar det om å byggje vidare på det som fungerer og skape ei tydeleg retning over tid»
– Jannicke Solgård-Jensen, Solgård Design
Eit samarbeid gjennom mange år
– Vi starta samarbeidet med Lerum sitt 110-årsjubileum, og sidan har vi fått vere med på stadig fleire prosjekt. Gjennom åra har vi bygd vidare på det som fungerer og blitt godt kjende med merkevara, fortel Solgård-Jensen.
Ho meiner mykje av styrken i samarbeidet handlar om å utvikle merkevara steg for steg, heller enn å starte på nytt for kvart prosjekt.
Eit nytt uttrykk for eit nytt produkt
Då arbeidet med Lerum Topping starta, var målet å utvikle eit uttrykk som passa det nye produktet, samstundes som det hadde ei tydeleg kopling til Lerum.
– Dette er eit produkt som skil seg litt frå d ei tradisjonelle Klem-produkta. Då var det viktig å skape noko som kjenneast nytt, samstundes som det framleis høyrer heime i Lerum-familien, seier Solgård-Jensen.
Prosessen gjekk gjennom fleire rundar før dei endelege etikettane var på plass.
Illustrasjonane gav liv til universet
Ein viktig del av uttrykket kjem frå illustrasjonane til svenske Thomas Lindell, som Solgård har samarbeidd med gjennom mange år.
– Thomas tilfører noko eige gjennom illustrasjonane sine. Han har ein strek som gir karakter og personlegdom til uttrykket, og som var viktig for å skape universet rundt produktet, seier Solgård-Jensen.
Dei handteikna illustrasjonane bidreg til å gi etikettane eit varmt og levande preg.
Illustratøren bak universet
Tomas Lindell er illustratøren bak figurane på Lerum Topping. Dei handteikna illustrasjonane hans har vore med på å forme universet og personlegdomen til produktet.
Frå idé til butikkhylle
Når designet skal møte forbrukarane i butikkhylla, handlar mykje om å vere tydeleg og lett å forstå.
– Når vi jobbar med emballasje, prøver vi alltid å forstå kva som møter forbrukaren i kjøpsaugneblinken. Produktet må vere enkelt å oppfatte og samstundes vekkje litt nysgjerrigheit, seier Solgård-Jensen.
Ho håpar dei nye etikettane får folk til å stoppe opp eit lite sekund.
– Eg håpar folk tenkjer: «Oi, kva er dette?» og får lyst til å sjå nærare på produktet.
Menneska bak etikettane
For Solgård er det gode samarbeidet ein viktig del av resultatet.
– Det er alltid spennande når ulike perspektiv og fagområde får spele saman. Då oppstår det ofte løysingar som ingen ville ha kome fram til åleine.
Bak etikettane til Lerum Topping ligg det mange små og store val, forma gjennom samarbeid, illustrasjonar og designarbeid over tid. Det er summen av desse vala som har skapt uttrykket som no møter forbukarane i butikkhylla. Etikettane til Lerum Topping blir produserte av Digital Etikett i Gaupne i Luster kommune, ein mangeårig samarbeidspartnar for Lerum.