Lerum får KuttMatsvinn-beviset 2025
Lerum er blant dei 81 verksemdene som har motteke KuttMatsvinn-beviset 2025. Beviset er ei anerkjenning av det langsiktige arbeidet med å redusere matsvinn og ta vare på verdifulle ressursar.
Lerum har motteke KuttMatsvinn-beviset 2025 frå Matvett. Beviset blir tildelt verksemder som kan dokumentere systematisk arbeid og konkrete resultat i arbeidet med å redusere matsvinn.
– Vi er stolte over å få denne anerkjenninga. Beviset viser at arbeidet vi legg ned for å redusere matsvinn og ta vare på ressursane våre gir resultat, seier Hans Christian Bjerketveit, direktør for forsyning og forretningsutvikling i Lerum.
Å ta vare på ressursane
Som matprodusent har Lerum eit ansvar for å forvalte råvarene på ein god måte. Arbeidet med å redusere matsvinn omfattar ei rekkje tiltak gjennom heile verdikjeda, frå planleggjing og produksjon til kontinuerleg forbetringsarbeid.
For Lerum handlar dette om meir enn effektiv drift.
– Når vi tek vare på råvarene, tek vi òg vare på ressursane som ligg bak. Det handlar om respekt for naturen, råvarene og arbeidet som blir lagt ned for å skape produkta våre, seier Bjerketveit.
Ein viktig del av berekraftsarbeidet
Å redusere matsvinn er ein sentral del av berekraftsarbeidet i Lerum. Mindre matsvinn betyr betre ressursutnytting og lågare belastning på miljøet.
KuttMatsvinn-beviset er derfor ei viktig stadfesting på at målretta arbeid gir resultat.
– Vi er glade for å vere ein del av eit bransjefellesskap som jobbar mot same mål. Samtidig motiverer denne anerkjenninga oss til å halde fram arbeidet med å finne nye og betre måtar å ta vare på ressursane våre på, seier Bjerketveit.
Kutt Matsvinn-beviset er utvikla av Matvett og bransjen sjølv, og skal inspirere og motivere fleire til å jobbe målretta med å redusere matsvinn. Beviset vert delt ut årleg, og byggjer på datainnsamling og rapportering frå verksemdene sjølve.