Lerum får KuttMatsvinn-beviset

– Eit bevis på at innsatsen monnar.

Lerum har fått det synlege beviset på at dei tek kampen mot matsvinn på alvor. Som ein av stadig fleire mat- og serveringsverksemder i Noreg har vi fått tildelt Kutt Matsvinn-beviset frå bransjeinitiativet «KuttMatsvinn 2030».

– Vi er stolte over å få denne anerkjenninga. Beviset viser at arbeidet vårt med å redusere matsvinn gir resultat, seier Hans Christian Bjerketveit, direktør for forsyning og forretningsutvikling.

Dokumentert innsats

For å få beviset må verksemda dokumentere både systematisk innsats og konkrete resultat. Det omfattar blant anna rutinar for kartlegging, målretting, tiltak og evaluering av matsvinn i produksjon og drift. Beviset vert delt ut til verksemder som kan vise til reelle og målbare kutt i matsvinnet, og som er ein aktiv del av bransjeavtalen for redusert matsvinn.

– Vi har lenge jobba målretta med å betre utnyttinga av råvarer og redusere svinn i produksjonen. Det handlar både om god drift og ansvarlegheit for ressursane vi har, fortel Bjerketveit.

Viktig del av berekraftsarbeidet

Matsvinn er ei stor klimautfordring, og ifølgje Matvett står matsvinnet i Noreg for rundt 1,3 millionar tonn CO₂-ekvivalentar kvart år. Målet med bransjeinitiativet KuttMatsvinn 2030 er å halvere matsvinnet innan utgangen av 2030.

– Berekraft er viktig for oss i Lerum. Vi ønskjer å vere ein del av løysinga, og beviset frå Matvett er ei stadfesting på at me er på rett veg.


Kutt Matsvinn-beviset er utvikla av Matvett og bransjen sjølv, og skal inspirere og motivere fleire til å jobbe målretta med å redusere matsvinn. Beviset vert delt ut årleg, og byggjer på datainnsamling og rapportering frå verksemdene sjølve.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Vann høgste utmerking i smakskonkurranse