No er søknadsperioden for Lerumfondet i gang

Trening hos Sogndal Fotball, med støtte frå Lerum.

Kvart år set vi av fleire millionar kroner til Lerumfondet for å gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Engasjementet er stort, og vi får alltid inn ei mengde søknadar, derfor set vi i år av rekordmykje midlar til støtte og spons!

Gjennom Lerumfondet sponser vi alt frå Sogndal Fotball, Sogndal FK Damer til Kunnskapsenteret «Vitemeir» og mindre, lokale idrettslag og arrangement. Felles for tiltaka vi støttar, er at dei bidreg til å løfte felleskapet i lokalsamfunnet.

Vi ønskjer å bidra til at alle barn og unge får moglegheit til å delta på aktivitetar innan idrett, kultur, friluftsliv, mat og drikke. Tiltaka Lerum sponsar skal vere inkluderande og samfunnsnyttige, og vi heiar på frivilligheit og lokalt engasjement!

Lerum sponsar òg verdas sterkaste kvinne, Solfrid Koanda, som deler verdiane våre: å vere ekte, stolt, ærleg og engasjert. Ho har alltid med seg 80 % frukt og bær frå Lerum i bagen enten ho er på veg til VM, OL eller ei dag på trening.

Har du lyst til å søkje?

Vi vurderer alle søknadar innan 1. mai, då årets utdeling av midlar vert delt ut. Søknad om sponsorbidrag til Lerum kan du senda inn her:

 https://www.lerum.no/sponsing

Heltane er dykk som søkjer, og alle frivillige, engasjerte trenarar og dei som heiar kvar einaste dag for at barn og unge skal ha det litt betre

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Lerum får KuttMatsvinn-beviset