Hjelp humlene!

humla-suse2.png

Sjå korleis du set opp din humlekasse her! Humlene har ei veldig viktig rolle både i kulturlandskapet og i dei naturlege økosystema frå kyst til fjell, spesielt på den nordlege halvkule.

Dei er pollinatorar som bestøvar svært mange planteartar , og det er heilt essensielt for plantene si utvikling. Pollinering utført av humler er kritisk for til dømes kirsebær, eple, blåbær, rips og solbær for å nevne nokre. Derfor er det viktig for oss i Lerum å hjelpe med å sikre humlene sine levekår i Noreg, og bistå i det gode arbeidet som den idealistiske foreningen La Humla Suse driv.

Guest User