Ofte stilte spørsmål 

Kan jus erstatte frukt og bær?

Forskarar har oppdaga at jus og frukt er like sunt. Eit glas jus kan erstatte "1 av 5 om dagen".

Kan diabetikarar drikke Lerum saft eller ete Lerum syltetøy utan tilsett sukker?

Lerum saft og syltetøy utan tilsett sukker er søta med søtstoffet sukralose. Sukralose gir ikkje blodsukkerstigning, men frukt og bær inneheld naturleg fruktsukker som diabetikarar må ta omsyn til. Lerums saft utan tilsett sukker inneheld heile 97% råsaft. Lerums syltetøy utan tilsett sukker inneheld heile 80% frukt og bær.

Kva er sukralose?

Sukralose er eit søtstoff som er framstilt frå sukker. Gjennom ein prosess på fleire trinn vert sukker (sukrose) omdanna til sukralose som er eit søtstoff som smakar som sukker men som er utan kaloriar. Sukralose kan vere til god hjelp ved vektkontroll.

Kvifor er det viktig å ete frukt og bær?

Frukt og bær er viktige kjelder til kostfiber, vitamin og mineralstoff. ”5 om dagen” er anbefalt. Ein porsjon tilsvarar ein middels stor frukt, 1-2 dl bær eller omlag 1,5 dl frukt-/bærjus. Inntak av frukt og bær beskyttar mot ei rekke sjukdommar, som kreft, hjarte- og karsjukdommar og type 2 diabetes.

I tillegg til frukt og bær bør vi også ete grønsaker, belgfrukter, nøtter og urter. Det er god grunn til å meine at antioksidantane som finst blant anna i frukt og bær er ansvarlege for mykje av den beskyttande effekten mot ulike sjukdommar. I frukt og bær er det fleire hundre ulike antioksidantar. Forskarar meiner at det er samspelet mellom alle dei ulike antioksidantane som gjer at kroppens ulike celler og organ vert beskytta mot skade.

Er Lerums jus tilsett sukker?

Nei, Lerums jus er ikkje tilsett sukker. Lerums jus er 100% naturleg og inneheld kun det fruktsukkeret som naturleg er i frukt og bær.

Er Lerums Jus tilsett konserveringsmiddel?

Nei, Lerums jus er ikkje tilsett konserveringsmiddel. Lerums jus er 100% naturleg. Jusen oppnår lang haldbarheit ved at produktet blir pasteurisert og aseptisk pakka.