Klemmane er blitt meir miljøvennlege

Det er spesielt tre grep som gir god miljøgevinst!

Klemmeflaskene har vore på marknaden sidan 2015, men mykje har endra seg sidan då. Vi i Lerum har blitt meir miljøbevisste og har jobba fram meir miljøvennlege produkt.

Her er tre grep som har gjort klemmeflaskene våre betre:

1. Resirkulert plast

I 2020 introduserte vi flasker med resirkulert plast. Dei har blitt godt mottekne og kvaliteten er like god.

– Vi er veldig glad for at vi har klart å utvikle ei klemmeflaske av resirkulert plast. Vi er opptekne av miljøet og kvaliteten på produkta. Her har vi klart å ivareta begge deler, fortel Marte Myklebust Åril, marknadssjef i Lerum.

– Produkt med resirkulert plast får ofte ein mørkare farge, den er ikkje like klar. Så da blir ein jo usikker på om det vil redusere sal av produktet. Med vi opplever at klemmeflaskene er like populære, seier Myklebust Åril nøgd.

Lerum har laga ulike etikettar på klemmane: «til godguten», «til godjenta» og «til søtnosen».

Etikettane er produsert lokalt i Sogn, på Digital Etikett i Gaupne.

2. Etikettar frå Sogn

I tillegg til å nytte resirkulert plast, er etikettane produsert lokalt i Sogn, nærmare bestemt på Digital Etikett i Gaupne. Dette er ein kort køyretur frå fabrikken vår på Kaupanger. 

– Vi produserer 185.000 klemmeflaskar kvar månad, altså sirka 2 millionar klemmeflasker per år, så det blir ein del etikettar. Vi er veldig glade for å ha ein lokal leverandør av så høg kvalitet. Det sparar oss for mykje transport og så kan vi snu oss rundt kjapt, fortel marknadssjefen.

No har Lerum til dømes laget ulike etikettar på klemmane: «til godguten», «til godjenta» og «til søtnosen». Dette er populært. 

– Vi synest ordet «Klem» er så koseleg, så då ynskja vi å prøve etikettar med klemmar til ulike folk. Og slike «stunts» er enklare å gjennomføre når dei som lagar etikettane våre sit i nærleiken av oss og har kort leveringstid. Slik kan vi også prøve oss litt fram med kva som slår an hos kundane, ved å produsere opp litt og litt og ikkje få så mykje svinn.

Lerum har redusert pappmengda til pakking av klemmeflaskene med 40 %.

Klemmeflasken er laga av resirkulert plast.

3. Mindre papp til pakking

Det tredje grepet som har gitt miljøgevinst er å redusere mengden papp til pakking.

– Klemmeflaskene har ein fasong som ikkje like enkelt står stabla stabilt oppå kvarandre, så vi er nøydd til å ha papp over og under. Men vi fann ut at vi kunne kutte litt av pappen på sidene, dei treng ikkje være heildekt av papp.

Slik har Lerum redusert pappmengda til pakking av klemmeflaskene med 40 %.

– Her er det snakk om at vi pakker sirka 200.000 esker med klem årleg, så det blir ein del mindre papp.

Her kan du lese meir om vårt berekraftsarbeid.

 
 
 
Gasta DesignBerekraft