Ved å blåse opp flaskene sjølv, kuttar vi 500 trailerlass kvart år

Arve Sjøthun viser fram preformene før det blir blåst opp til vanlege drikkeflasker.

Om lag 20 millionar flasker blir blåst opp på fabrikken årleg, før dei blir fylt med drikke. Dette sparar oss for både utslepp og transportkostnadar.

I dag får Lerum levert kassar med små «preformer» som skal bli til heilt vanlege drikkeflasker for saft og brus. Dei blir ført inn i ei maskin som varmar opp preformene og bles dei opp i full størrelse - før dei blir fylt med saft eller brus.

– Dette har vi gjort sidan hausten 2011, då installerte vi ei «inline» blåsemaskin her på fabrikken i Sogn. Ved å blåse flaskene sjølv kuttar vi transport av 500 trailerlass med tomme flasker til Sogn kvart år, fortel Jan Audun Larsen, direktør for forsyning og forretningsutvikling i Lerum.

20 millionar flasker årleg

Blåsemaskina blåser ulike typar flasker, alt etter kva produkt som er i produksjon. Det fine med løysinga, er at flaskene blir frakta rett frå blåsemaskin til tappemaskin – og blir fylt opp med drikke automatisk.

I dag blåser vi om lag 20.000.000 flasker på linja per år.

– No treng vi heller ikkje lagre flasker, og kan snu oss fort rundt for å sette andre drikkeprodukt i produksjon når vi treng det, utan å tenkje på om vi har flaskene på lager. Preformer krev mykje mindre lagringsplass og èin preformtype blir brukt til fleire ulike flasker, fortel Larsen nøgd.

Sidan 2011 har Lerum fått levert «preformer» som skal bli til drikkeflasker for saft og brus.

Blåsemaskina blåser ulike typar flasker, alt etter kva produkt som er i produksjon.

«Skjerp dykk, elles bygger vi eigen flaskefabrikk»

Tilbake i 1987 hadde vi starta med plastflasker, men opplevde at flaskeleverandøren ikkje prioriterte Lerum.

«Viss ikkje de skjerpar dykk, bygger eg vår eigen flaskefabrikk», sa Bjarne Lerum til leverandøren.

Og slik vart det. Lerum var med å etablere ei bedrift som skulle lage plastemballasje til drikkeprodukt, med namn Polytech. Dei starta å levere Lerum-flaskar i 1988. Det første produktet var skjenkeflaska, ei toliters flaske for saft. Produktet kom inn i 90 prosent av alle norske daglegvarebutikkar og i 1991 vart Lerum 100 prosent eigar av Polytech. 

– Men etter kvart meldte det seg store investeringsbehov i Polytech då maskinparken trengte å oppgraderast. Lerum hadde ikkje investeringskapasitet på det tidspunktet og Polytech vart avvikla i 2008. Lerum gjekk då over til å kjøpe flasker frå Sverige, fortel Larsen. 

Men Lerum såg at dette gav høge kostnadar og unødvendig mykje transport.

– Så i 2011 investerte vi i ei «inline» blåsemaskin. Det er meir miljøvennleg og aukar fleksibiliteten på linja. Vi er veldig glad for at vi tok dette steget i 2011.

I dag blåser vi om lag 20.000.000 flasker på linja per år.

Flaskene blir frakta rett frå blåsemaskin til tappemaskin – og blir fylt opp med drikke automatisk.

 

Sjå korleis vi blåser opp flaskene:

Gasta DesignBerekraft