Visste du at Lerum har eit eige frukt- og bærakademi?

Lars Haugen Aardal, matekspert på SmaksLab hjå ViteMeir, viser fram frukt som nyttast på Lerum Frukt- og Bærakademi.

– Vi ønskjer å gi dei unge meir innsikt i korleis ein kan utnytte dei gode smakane i frukt og bær.

Saman med vitensenteret ViteMeir, tilbyr Lerum Frukt- og Bærakademi eit tverrfagleg læringsopplegg for elevar på 5.- 10. trinn. Dette har vi vore med på sidan ViteMeir opna i november 2021.

– Først og fremst for å auke interessa for mat og drikke blant barn og unge, slik at fleire får lyst til å arbeide hjå oss i framtida. For det andre ønskjer vi å vere med å løfte heile mat- og drikkeregionen Sogn. Det finst mange flotte produsentar, fortel Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

– I tillegg er dette eit berekraftstiltak for oss. Elevane får i oppgåve å ta med seg frukt og bær som ikkje kan seljast i butikkane. Det er viktig for oss å ta vare på lokalsamfunnet og støtte opp om eit så flott senter.

Fokus på matsvinn

ViteMeir ligg på Kaupanger i Sogndal kommune, ikkje langt frå Lerum-fabrikken. I løpet av eit år har det vore innom om lag 130 elevar. Til vinteren og våren vil det komme mange fleire elevar, då det er løyva buss-stønad for å transportere elevane som bur lenger vekke.

– Eg blir glad når eg høyrer elevane sei at dei får ei aha-oppleving. Dei ser kor mykje frukt og grønt som bli kasta i butikken kvar dag, fordi dei er for dårlege for oss forbrukarar. Elevane lagar nydeleg saft og syltetøy av desse varene, og seier dei har fått eit anna syn på matavfall og korleis dette er ein ressurs dei kan lage nye, gode produkt av, fortel Lerum Hjellhaug.

I denne prosessen får dei innsyn i ei produksjonskjede frå råvare til matprodukt, prøvd teknikkar og metodar for produksjon og utforska korleis matval og matforbruk kan påverke miljøet, klimaet og matsikkerheita.

– Det er moro å sjå kor engasjerte elevane blir når dei får lov til å lage eigne produkt dei smakar seg fram til. Dei fleste vert overraska over kor godt syltetøyet faktisk smakar! 

Skulane er nøgde

Vitensenteret skal inspirere barn og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap. Så langt har tilbakemeldingane frå skulane vore veldig positive.

– Lærarane set pris på at det er laga eit læringsopplegg med både føre- og etterarbeid som gjer at sjølve Frukt- og bærakademiet vert ein del av eit større opplegg, fortel Lerum Hjellhaug – og legg til:

– Og vi tykkjer jo det er ekstra stas at fleire får lære om noko vi i Lerum er opptekne av, nemleg å foredle frukt og bær.

 

Sjå video frå prosjektet:

Gasta DesignBerekraft