Menneske


eple-plukking.jpg

Mål

Sikre at leverandørane etterlever dei etiske retningslinjer våre.

Ingen skadar som gir fråvær.

 

Vi kjøper råvarer frå heile verda og tek ansvar for å respektere retten til rettferdige arbeidsvilkår. Lerum er derfor medlem av Etisk handel Norge og har ei eiga stilling som passar på dette. Etisk handel Norge er ein pådrivar og eit ressurssenter for verksemder som ønskjer fokus på å fremje etisk forsvarleg handel i leverandørkjedene sine. Når vi er medlem i Etisk handel Norge forpliktar vi oss til aktivt å ta tak i utfordringar i leverandørkjedene våre, og rapportere opent om status og framdrift i arbeidet vårt. Les meir om Etisk handel Norge på www.etiskhandel.no 

 
lerum-menneske-gard.jpg

Mål

Sjukefråvær mindre enn 4,5 %.

Vere ein attraktiv arbeidsplass.

Det heile starta med våre oldeforeldre og bær dei hadde til overs på Sørheim gard. Over 112 år seinare er Lerumfamilien vorten betrakteleg større, og Lerum er ei viktig hjørnesteinsbedrift i Sogndal. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og vi har derfor eit stort ansvar for å ivareta deira helse og tryggleik. Vi er ei IA-bedrift (Inkluderande Arbeidsliv), og jobbar systematisk for at alle skal trivast og utviklast hjå oss.  Lerum er ein del av eit lite lokalsamfunn i indre Sogn. Vi kombinerer sunn forretningsdrift med etisk åtferd. I tillegg til eiga verdiskapning er det viktig for oss å bidra til positiv samfunnsutvikling. Vi støttar mellom anna lokale organisasjonar innan idrett og kultur. I tillegg samarbeider vi med lokale skular.

Aktuelt