Miljø 

Mål

Vi skal nytte mest mogeleg miljøvenleg emballasje på produkta våre.

Verda står ovanfor dei største miljøutfordringane nokon gong, og vi må alle bidra i arbeidet for å løyse desse. Det er press på mange råvarer og naturressursar, og det er derfor viktig at vi utnyttar ressursane på best mogleg måte. I Lerum har vi ein ambisjon om å redusere energi- og vassforbruket på fabrikken vår. I tillegg jobbar vi for å redusere matavfallet i produksjonen slik at mindre mat vert kasta. Vi held oss oppdaterte på utviklinga innanfor emballasje for å nytte mest mogeleg miljøvenleg emballasje på produkta våre. Vi jobbar for mindre avfall til deponi og meir avfall til gjenvinning ved å kjeldesortere og i størst mogleg grad nytte emballasje som kan gjenvinnast.

 
 
epler.jpg

Mål

Vi skal gjenvinne prosessvarme i dampproduksjonen til fabrikken og i oppvarming av vatn for å redusere energiforbruket på fabrikken.

 

Når det gjeld transport set vi krav om at alle vogntog som køyrer med vår logo, ikkje kan vere eldre enn 6 år. På denne måten sikrar vi at vogntoga held høg teknisk standard og har den siste tilgjengelege teknologien i forhold til utslepp. Vi er medlem i Grønt Punkt Norge AS og er med det med å sikre finansiering av returordningane for plast-, metall-, og glasemballasje, emballasjekartong, drikkekartong og bølgepapp. Visste du at all emballasjen til Lerum skal gjenvinnast? Sjå www.sortere.no for informasjon om kjeldesortering i din kommune. Plastflasker med Lerumprodukt skal pantast. Pant alt. Alltid.

Aktuelt