Sunnheit & Helse


Mål: Utvikle nye produkt utan tilsett sukker eller med mindre sukker.

Heilt sidan starten har kvalitet og trygge produkt stått sentralt i Lerum. Vi har strenge krav til produksjonsprosessen vår frå råvare til ferdig produkt, og vi lagar maten i kontrollerte former, med rett temperatur og høge krav til smak og kvalitet. Vi har eit kvalitetssystem for produksjon som sikrar deg som forbrukar trygg mat og drikke, og er sertifisert i samsvar med BRC Global Standard. Dette er ein internasjonal kvalitetsstandard med fokus på produksjon av trygg mat, spesielt utvikla for leverandørar til daglegvarehandelen.

eplekake.jpg

jenter-drikker-saft.jpg

Mål: Redusere sukkerinnhaldet i eksisterande produkt.

Vi ynskjer å bidra til eit godt kosthald. Vi er derfor opptekne av å redusere sukkerinnhaldet i produkta vi tilbyr deg. Dette gjer vi ved å utvikle nye smakfulle produkt utan tilsett sukker eller med redusert sukkerinnhald, og samstundes kontinuerleg jobbe med reduksjon av sukker i våre eksisterande produkt. Vi set høge krav til oss sjølve i dette arbeidet og smak er ein udiskutabel parameter. Produkta våre skal alltid smake godt. Sidan 2005 har vi redusert det gjennomsnittlege sukkerinnhaldet i all safta vi produserer med 30 %. Vi lovar at vi skal halde fram med dette arbeidet både på drikke og på syltetøy.


Aktuelt