Ostekake med Heimefrå Kirsebærsyltetøy
Syltetøy,Dessert

Ostekake med Heimefrå Kirsebærsyltetøy

Lag ei enkel og nydeleg ostekake med Lerum Heimefrå kirsebærsyltetøy. Passar godt til kos og fest.

40-60 min
2

Du treng

120 g smør
3 dl lett rømme
3 dl kremfløte
Philedelphia original 2 pk
1 pk sitrongele (pulver), NB halv mengde vatn
115 g melis
1 ts vaniljesukker
Bringebær til dekorering
Lerum Heimefrå kirsebær syltetøy

Tips

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Start med geleen då den må avkjølast. Kok opp ein kjele med vatn og hell 2,5 dl vatn oppi ein bolle saman med gelepulveret. Rør til alt er oppløst og rør innimellom medan geleen kjølar seg ned.

ostekake.png

2

Dekk botnen av ei springform ca 22 cm, med bakekapapir. Knus kjeksa til smular. Bland kjekssmulane med smelta smør. Fordel så kjeksblandingen i forma og trykk flat.

ostekake.png

3

Rør deretter saman rømme og kremost. Tilset vaniljesukker og melis og pisk heilt til du har ei klumpfri blanding. Pisk kremen stiv og vend inn oste/rømmemassen. Ha den avkjølte geleen i ostekremen og rør forsiktig saman. Hell over kjeksbotnen og set den kaldt over natta.

4

Skjær rundt kanten av springforma og ta ringen forsiktig frå kaka. Pynt gjerne med ferske jordbær og bringebær og topp heile kaka med vårt nydelege kirsebærsyltetøy.