Sunnare rullekake
Syltetøy,Bakst

Sunnare rullekake

God og sunnare rullekake med Lerum jordbærsyltetøy 80% bær. Kan nytast med god samvittigheit.

30-40 min
1

Du treng

1 dl sukker/sukrin
4 stk egg
1⁄2 dl fin sammalt kveitemjøl
1 ts bakepulver
Lerum Jordbærsyltetøy 80% Bær

Tips

Produkt i oppskrifta

Jordbær.png

Slik gjer du det

1

Pisk først saman egg og sukker til du får stiv eggedosis. Sikt deretter mjøl og bakepulver saman, og vend det inn i eggedosisen. Finn fram ei smurt langpanne og fordel røra utover. La den steike midterst i omnen ved 200°C i ca. 10 minutt.

Photo by sasha85ru/iStock / Getty Images

2

Finn deretter fram matpapir som du strør sukker, event sukrin på. Kvelv rullekaka på papiret og la formen ligge over kaka til den har kjølt seg litt ned. Bruk Lerum jordbærsyltetøy 80% bær og smør på fyllet. Rull kaka saman. Pakk deretter kaka litt stramt inn i matpapiret, og legg den kjøleg med skøyten ned.

Photo by margouillatphotos/iStock / Getty Images