Fine scones med Lerum Heimefrå Jordbærsyltetøy
Syltetøy,Bakst

Fine scones med Lerum Heimefrå Jordbærsyltetøy

Heimefrå er eit syltetøy laga på gamlemåten. Smaken vart til første gong på Sørheim. Heimefrå er i dag, som då, laga med stoltheit, kjærleik og masse friske bær. Det er dette som gir den gode smaken Heimefrå.

40 min
2

Du treng

1 porsjon ca. 15 fine scones
7 1/2 dl kveitemjøl
4 ts bakepulver
1/2 ts salt
100 g kaldt smør
1 stk egg
3 dl melk
Lerum Heimefrå Jordbær Syltetøy

Tips

Nysteikte scones smakar ekstra godt med syltetøy og krem.

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Bland først saman kveitemjøl, salt og bakepulver. Deretter smuldrar du inn smøret og tilset egg og mjølk, bakepulver og salt.

Photo by john shepherd/iStock / Getty Images

2

Rør så deigen saman. Ikkje jobb med den for lenge, då den kan fort bli seig. Dette vil føre til at du får tørre scones. Om du føler deigen er for klissete kan du tilsetje litt ekstra kveitemjøl. Ha deigen over på eit bakebord som er dekka med litt mjøl, og klapp eller kjevle deigen ut til ei rund leiv som er ca 2 cm tjukk.

3

Bruk gjerne ein kopp for å fordele deigen i rundingar. Plasser dei på bakepapir på steikebrett. Steikast på midterste rille i varm ovn på 225 grader i 12-15 minutt. Server nysteikte scones med Lerum Heimefrå Jordbærsyltetøy.