Kokos Pasjon har fått anerkjent utmerkelse

Kokos Pasjon er eit produkt som skil seg litt ut i Lerum-sortimentet, og no har det også fått internasjonal anerkjenning.

Produktet er tildelt den prestisjefylte Superior Taste Award, ei utmerking som blir gitt til produkt som utmerker seg spesielt på smak. Prisen blir delt ut av International Taste Institute i Brussel, der ei uavhengig fagjury beståande av kokkar og sommelierar vurderer produkt frå heile verda. Her er det smaksopplevinga som tel, og kombinasjonen av fyldig kokos og frisk pasjonsfrukt gjorde tydeleg inntrykk.

Den tropiske balansen mellom sødme og friskheit gjer at det passar like godt saman med kremost på skiva som rørt inn i cottage cheese med friske bær eller müsli. Det er òg godt til ost og kjeks, gir ein spennande vri i havregrauten og tilfører ny energi i frukostblandinga. Samstundes er produktet utan tilsett sukker.

Marknadssjef i Lerum, Marte Myklebust, seier at utmerkinga betyr mykje for verksemda i Sogn.

"Utmerkinga er veldig stas for oss i Sogn. At Kokos Pasjon hevda seg mot variantar med mykje sukker, samstundes som vår har 80 prosent frukt og bær og ingen tilsett sukker, betyr mykje for oss."

Produktet har vore svært etterspurt og er no å finne i alle lavpriskjeder.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

80% frukt og bær med ny smak